Mykje brennmaneter, sa du?

– Det er ikkje unormalt, seier havforskar Tone Falkenhaug. God formeiring og mykje mat kan gi oppblomstring av maneter. Havforskningsinstituttet har fått inn fleire observasjonar av både brennmanet og glasmanet i hopetal på Sørvestlandet.

Foto: Christian Skauge

NYHETER

   

MARINBIOLOGI



Mykje brennmaneter, sa du?

– Det er ikkje unormalt, seier havforskar Tone Falkenhaug. God formeiring og mykje mat kan gi oppblomstring av maneter. Havforskningsinstituttet har fått inn fleire observasjonar av både brennmanet og glasmanet i hopetal på Sørvestlandet.

  28. juni 2019
  Av Erlend A. Lorentzen, Havforskningsinstituttet
– Store manetmengder kan skyldast opphoping eller oppblomstring. Det er vanskeleg å seie om det er snakk om lokale fenomen, eller om det gjeld heile kysten, fortset forskaren.

Følger vêr og vind

Det er nemleg slik at maneter kan dukke opp plutseleg og flekkvis. Som med maten deira, er manetene prisgitt vêr og vind når det gjeld kor dei ender opp.

Vind og straum kan dermed gi store opphopingar, særleg i bukter og bakevjer.

– Joda, dei kan svømme, men helst for å regulere kor djupt dei held seg, seier Falkenhaug.

Likar kaldt vatn

Manetene trivst eigentleg best i kaldare vatn. I fjor vår var det kraftig manet-oppblomstring langs kysten, men i den heite sommaren var det svært lite maneter.

– Frålandsvind fører kaldare vatn frå djupet opp i overflata. Då kan manetene plutseleg dukke opp langs badestrendene våre, forklarar Tone Falkenhaug.



Vakker på nært hold, men det svir hvis den kommer for nært – brennmaneten er ikke akkurat dykkernes favoritt.


Men om vinteren og våren har vore god, kan det bli meir manet eitt år enn eit anna. I 2010 var det så store mengder at ferjer blei innstilte på Vestlandet. Dei tetta kjølesystemet til motoren.

Kan få manet-år

– Manetene lever fast på havbotnen om vinteren. Får dei tilgang på mykje mat og gode vekstforhold utover våren, multipliserer dei seg raskt. Det er livsstrategien, fortel havforskaren.



Slik kan det se ut når brennmanetene "blomstrer". Video: Nils-Yrje Kirste/YouTube


Manetene et dyreplankton som dei fangar med tentaklane sine.

– Tentaklane skyter ut små giftige harpunar, såkalla nesleceller, i byttedyret. Også glasmaneta har gift, men harpunane er ikkje sterke nok til å trenge gjennom huden vår, seier Falkenhaug.

Om du derimot får glasmanet på auga eller leppene, vil du kjenne at det svir. Har du blitt brent av ei brennmanet, finst det mange gode og dårlege råd.



Brennmaneten kan være en plage for både dykkere og badende når de opptrer i store mengder.


Nei, ikkje tiss på

– Det mest kjende botemiddelet er vel tiss. Eg veit ikkje korleis den myta har oppstått, seier forskaren.

– Skyl med saltvatn. Då får du i alle fall vekk udetonerte nesleceller frå huden fortset ho. «Osmotisk trykk» i ferskvatn vil derimot få giftcellene til å detonere. Då svir det meir.

Vanlegvis er ikkje maneter i Norge farlege for folk. Skulle du få ein allergisk reaksjon, bør du kontakte lege, er forskarrådet.

Ønsker observasjonar

– Maneter er vanskelege å overvake fordi dei er ujamt fordelte og vanskelege å samle inn. Vi registrerer manet på forskingstokta våre, men vil gjerne ha observasjonar frå publikum langs kysten, seier Falkenhaug.


Ho ønsker seg bilde og eit anslag for kor mange maneter det er per kvadratmeter. Maneter med spesiell utsjånad som kan vere nye artar, er ho ekstra interessert i.

– Det kan vere med å fortelje om endringar i havet, seier ho.

Du kan sende inn dine observasjoner på denne lenken.

Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra forfatter Erlend A. Lorentzen. Den ble først publisert hos Havforskningsinstituttet 26. juni 2019.

ANNONSE

Les i siste utgave av bladet Dykking:

Image

Innhold, Dykking nr. 3/2019:

Innhold:

  • NM i UV-foto: Se bildene fra årets NM
  • VRAKLEKSIKON: Z2 Georg Thiele
  • MARINBIOLOGI: Med #sneglebuss i Finnmark
  • FORSKNING: Sjøpølser
  • GROTTEDYKKING: Viroit i Albania
  • HOLD NORGE RENT: Rydd mens du dykker
  • VRAKDYKKING: Chuuk Lagoon i Mikronesia
  • UTSTYRSTEST: Waterproof D7X
  • AKTUELT: De norske VM-lagene i UV-foto
  • PRODUKTNYTT: Nytt og nyttig på markedet

Bladet inneholder også aktuelt og nyheter, oversikt over arrangementer og annet spennende dykkestoff.

ANNONSE:

logo
Bladet Dykking har siden 1983 blitt gitt ut av Forlaget Dykking AS. Redaktør: Christian Skauge

 

Forlaget Dykking AS
Postboks 6654 Etterstad, 0609 Oslo

 


© 2019 Forlaget Dykking AS
facebook_page_plugin
Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler. Ved å besøke siden godkjenner du våre vilkår.